 | Bygningar Nordfjord Folkemuseum har sett opp 43 antikvariske hus frå Nordfjord i friluftsmuseet. I tillegg til eit klyngetun med stove, matstove, nystove, eldhus, fjøs, stall, do og lade, er det mellom anna sett opp fleire andre stover, utmarkslader, hønsehus, hundehus, lysthus og ein støyl med fleire sel. Museet held på å lage eit vasskraftmiljø i tilknyting til elva som renn gjennom Jølet. Kvernhuset og klesstampa er på plass og er klare til bruk og hjulhuset vart ferdig i 2005. No arbeidet museet med å sette opp sirkelsag frå Ålfoten. |
| Foto: Ragnar H. Albertsen |
Fast utstilling I hovedbygget har museet ein utstillingshall med ei permanent utstilling. Her har vi utstilt nokre av dei kring 23 000 gjenstandane museet har i frå Nordfjord. Blant månge flotte gjenstandar, finn du òg ein autentisk landhandel frå 1937 og eit par fine Nordfjordbåtar! |  |
| | Foto: Nordfjord Folkemuseum |

| Holvikejekta Holvikejekta er den siste av dei tradisjonelle fraktejektene som trafikkerte kysten og fjordane i førre hundreåret. No er det 60 fots lange farøyet utstilt ved Gloppefjorden, like utanfor Sandane sentrum. Les, sjå og høyr om Holvikjekta under Prosjekt og artiklar i menyen. |
| Foto: Ragnar H. Albertsen | |
Gjenstandar I samlinga har museet kring 23 000 gjenstandar frå Nordfjord, alt frå draktmateriale, åkle og brurepynt til våpen, kiste, smørkanne, reiskapar, møblar, bøker, korger, tidlege elektriske artiklar og mykje anna. Noko er stilt ut i den faste utstillinga og inne i husa i friluftsmuseet, resten er lagra i magasin. Les artiklar om gjenstandar og søk i gjenstandsdatabasen under Gjenstandar i menyen. |  |
| | Foto: Nordfjord Folkemuseum |
 | Foto Nordfjord Folkemuseum har ei samling på kring 20.000 originale negativar etter ulike fotografar i Nordfjord. Fylkesarkivet har det faglege ansvaret for handsaming og lagring i klimaregulerte fotomagasin. Søk i Fylkesarkivet sin fotodatabase |
| Foto: Jens K. Maurseth. Utlånt frå Fylkesarkivet. |
Bibliotek
Museet har eit fagbibliotek med bøker og tidsskrift. Ein kan låne bøkene gjennom Gloppen Folkebibliotek.
Søk i Gloppen Folkebibliotek sin database