Utstilling
 
 

Kraftfylket Sogn og Fjordane

Akkurat no: på Vågsøy Folkebibliotek fram til 16. mai.

Ei vandreutstillinga i samband med fylkesjubileet

Kva tid fekk folk straum for fyrste gong i fylket vårt? Kva brukte dei straumen til? Utstillinga “Kraftfylket Sogn og Fjordane” gir innblikk i historia kring kraftutbygging i Sogn og Fjordane, og syner korleis straumen har endra dagleglivet til folk flest.

Sogn og Fjordane er eit fylke som på grunn av høge fjell og store nedbørsmengder eigner seg spesielt godt til produksjon av straum frå vasskraft. I tillegg er det stor potensiale for utnytting av både vind- og bølgjekraft langs kysten. Folk i fylket har gjennom historia nytt godt av dette; vasskraft har vore og er ein ressurs for folket og har bidrege til at fylket står der det er i dag. Kvar går vegen vidare? Utstillinga freistar å gje innblikk i historia og utsyn i framtida for kraftfylket Sogn og Fjordane!

Utstillinga på Ungdomsmessa på operahuset på Eid 

Nordfjord Folkemuseum og Sogn og Fjordane Energi har gått saman om å lage utstillinga i samband med fylkesjubileet. Utstillinga skal turnere i fylket ut året, og består av to store veggar med tekst og bilete, ein del gjenstand som gamle elektriske apparat, og ein biletserie vist på skjerm.

Vandring av utstillinga:sfj250

Vågsøy Folkebibliotek, Måløy: 19. april - 16. mai
Nordfjord Folkemuseum
Stryn: oktober
Hornindal: november
Svelgen: januar 2014

 

 

 

 

Me har skote bjørnen!

Utstillinga står frå jan - mai 2013

Utstillinga tek utgangspunkt i bjørnejakta i 2008 som endte med at ein bjørn vart skote på Vetlebreen i Fjærland.

bjørnegjegarar

Utstillinga tek føre seg mange sider kring temaet bjørn; som biologiske fakta, korleis han lever gjennom 4 årstider, forvaltning og konflikt, menneska sitt forhold til bjørn og ikkje minst bjørnehistorier frå Sogn og Fjordane.

Utstillinga er bygd opp med tekst og foto, gjenstandar og digitale forteljingar. Det er lagt vekt på balansert og sakleg framstilling slik at publikum skal kunne gjere seg opp og gje uttrykk for eigne refleksjonar og haldningar. Dei minste kan legge puslespel, teikne – eller høyre bjørneforteljingar i spennande telt.

Utstillinga vart laga som vandreutstilling av Musea i Sogn og Fjordane, og har vandra i fylket i fleire år. No er den tilbake på Nordfjord Folkemuseum!

Vi ønskjer store og små velkommen i utstillinga!

 

Bjørnejakt i Gloppen 1902

  

 

 

 

Kjellaug Haugen Holter - Biletvev (avslutta)

Tekstilkunstnar Kjellaug Haugen Holter frå Loen i Stryn fylte nyleg 90 år. Gjennom eit langt liv har ho uttrykt seg gjennom fargerike vevtepper med motiv som viser samfunnsengasjement og eit nært forhold til naturen.

Haugen Holter er utdanna ved Bergens Kunst og Håndverksskole, Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og studerte måleri på Statens Kunstakademi under Per Krogh og Alexander Schultz. Etter at ho debuterte på Statens Haustutstilling i 1970 har ho hatt ei rekke utstillingar og utsmykningsoppdrag.

JustismordUtstillinga står fram til årskiftet.
 

 

 

Linjer i Landskapet - kraftoverføringens kulturminner 
bilde
Frå strekking av Sognefjordspennet sommaren 1976.
Utstillinga presenterer historia til ein av dei viktigaste berebjelkane i vårt moderne velferdssamfunn: overføringssystema for elektrisitet.

Frå kraftoverføringa si pionertid på slutten av 1800-talet og fram til vår tid , er det reist mange bygningar og anlegg som har blitt verdifulle kulturminne. Utstillinga gjev eit innblikk i norsk kraftoverføringshistorie og anlegga knytt til denne. Her vert og miljøutfordringane og leidningsbyggarkulturen presentert.

Utstillinga er produsert av NVEs Museumsordning, som er eit samarbeid mellom Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum, Norsk Skogmuseum og Noregs vassdrags- og energidirektorat.

SFE presenterer krafthistorie frå Sogn og Fjordane gjennom hundre år. Via tekst og bilete får vi eit innblikk i utbygging i fylket, dei før ste elverka, fossepekulantane og straum i heimen. SFE har også bidrege med kunnskap og gjenstandar elles i utstillinga.

Nordfjord Folkemuseum har stilt ut gjenstandar knytt til linebygging og gjenstandar som treng elektrisk kraft: lyspærer, varmeomnar, komfyr, vaskemaskin, støvsugar m.m.

bilde

Linjer i landskapet

 

Utstillinga opnar 12. april og vil stå på museet gjennom sommarsesongen 2012.

 

 

Vi ønskjer alle hjarteleg velkomen!

 
 

 

 

 

Kunstutstilling "Brest i Bringa" av Hans Sande - avslutta 
bilde
Ønskeskåp av Hans Sande

Denne hausten viser museet utstillinga "Brest i Bringa" av Hans Sande. Utstillinga viser ei rekke bringer i ulike former og materiale. Nokre er forma som overkroppen medan andre kan opnast og minner meir om skåp eller altertavler.

Er du eit skåp min ven? Er du låst eller open? Kva gøymer du inni deg? Er bringa di eit skåp, som du sjølv kan opne og lukke? Eit løynderom som dine nærmaste kan opne og lukke? Vil du fortelje meg kor nøkjelen er?

Hans Sande (Fødd i Bergen 1946) er ein forfattar og biletkunstnar med bakgrunn i helsevesenet med psykiatri som spesialfelt. Han har skrevet ei rekke romanar og diktsamlingar, også for barn og ungdom. Som biletkunstnar har han illustrert barnebøker i tillegg til å drive med maleri og skulptur.

Vi ønskjer alle velkomne til å komme og sjå på kunstutstillinga, du vil heilt sikkert komme til å undre deg!

For skuleklasser har vi eit formidlingstilbod i tilknytning til utstillinga, for meir informasjon klikk her.

Høyr reportasje om utstillinga her.
Frå NRK Sogn og Fjordane, v/ Hans Jakob Reite, sendinga 16.01.2011

 Utstillinga står til 31.02.12


Copyright © Nordfjord Folkemuseum