Tidlegare utstillingar
blank blank
Kunstutstilling - Alv Nyland (juni - sept 2011)
Jente på veranda
Dette biletet heter Jente på veranda. Olje på plate 73*60. Truleg måla ein gong i 60-åra. Dette var eit av bileta Alv ikkje ville selje. Han kunne ikkje skilje seg frå det, sa han.
- Henta frå artikkel i Firda Tidend 2.mai -


Dette året er det 100 år sidan kunstnaren Alv Nyland frå Breim var fødd. Han budde her i bygda og levde heile livet av kunsten sin. I samband med dette er det sett opp ei minneutstilling her på museet. Det er John Oddvar kandal som har teke initiativ til å få minnemarkeringa på beina, og han var konferansier og underhaldt med musikk under utstillingsopninga fredag 10. juni. I tillegg heldt bl.a. Fritjof Urdal eit foredrag om Nyland.

Gloppen kunstlag er ansvarleg for utval av bilete og for utstillinga av dei. Det er stilt ut om lag 50 store måleri. I tillegg er det bilete til sals - både måleri, trykk og teikningar.

I høve markeringa, er det og gjeve ut eit minneskriv om Alv Nyland som er til sals. Dette er eit hefte med fargerike sider om eit fargerikt liv, med nesten hundre bilete og ei blanding av nyskrive stoff og viktige, velskrivne artiklar om kunstnaren sitt liv. Eit variert, lettlese skriv som er kjekt å ha!

 
Breim kyrkje
Breim Kyrkje av Alv Nyland
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 Fotoutstilling på museet!Gripen av havfolket (februar - april 2011)

"Gripen av havfolket"
- fotografi av Robert A. Robertson (1927-1996)

I 1952 reiste Robinson på sommarferie til Noreg. Opphaldet skulle vare i to månader, men han vart i Noreg i 13 år.
Dei første åtte åra budde han i Bergen, og han reiste mykje rundt i Sunnfjord og Sogn og skildra med kamera etterkrigstidas menneske og miljø i det kvardagslege. Dette gjorde han med stor varme og humoristisk sans, men samstundes med undring og respekt for folka som budde i dette framande landet.

I 1995 gav kollegaen og venen Dan Young ut boka Captured om Robinson og fotografia hans. Same år skipa Hennie Onstad kunstsenter på Høvikodden ei stor utstilling av verka hans. I tillegg laga Dan Young ein halvtimes film om Robinson, som blei vist på NRK. Denne filmen vil bli vist under utstillingsperioden.

Dette er ei salsutstilling med 52 flotte bilder som vart laga i høve byjubileet i Florø sist sommar.

Utstillinga opna onsdag 23. februar. Ingrid Norum, konservator på Kunstmuseet i SF, heldt eit interessant og lærerikt foredrag om Robinson i samband med opninga. Utstillinga kan vitjast ut april.

Velkommen til utstilling!

 
 

Sildefiske

Teinefiske

 
 
Kva STOLAR du på? (mars 2011)Whole in one

Sit du på baken mange timar kvar dag? Har du nokon gong tenkt over kva du faktisk sit på?
No kan du sjå ei artig utstilling av norske designstolar fra 1950-talet fram til i dag. Det er sjølvsagt høve til å prøve stolane og gjere seg opp ei meining om både design, komfort og bruksområde.

Dette er ei vandreutstilling i samband med Den Kulturelle Skulesekken frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune, som skal ut på skoleturne i fylket frå april.

Utstillinga kan vitjast på museet i heile mars månad. Velkommen til stolutstilling!

 
 
City                            
Date
 
"Me har skote bjørnen!" (november 2010 - februar 2011)Bjørnen

Det var meldinga som kom over jaktradioen i Fjærland 15. juni 2008. Det hadde vore jakta på bjørnen i fleire veker, og no var han skoten. "Me har skote bjørnen" vart også namnet på Musea i Sogn og Fjordane si vandreutstilling som no er på plass på Nordfjord Folkemuseum. Tidlegare har bjørnen vore på Sunnfjord Museum og DHS - Sogn Folkemuseum.

Utstillinga opna 12. november i samband med Kulturnatt i Nordfjord og skal stå ut januar 2011. Neste stopp vert Kystmuseet i Florø.

Utstillinga er bygd opp med tekst- og fotobanner, gjenstandar, temahefte og digitale forteljingar. Det er lagt vekt på balansert og sakleg framstilling slik at publikum skal kunne gjere seg opp og gje uttrykk for eigne refleksjonar og haldningar. Dei minste kan legge puslespel, teikne – eller høyre bjørneforteljingar i spennande telt.

Formidling til skulane har hatt stort fokus gjennom heile produksjonen, og det er utarbeidd alderstilpassa opplegg for 1.-10.klasse. Dette er ei utstilling for alle, store og små, og vi trur dette fellesprosjektet der natur og kultur er integrert med utgangspunkt i ei samtidssak vil engasjere!

 
Bjørnen sover?                                         Utstilling bjørn
Foto: NFM    
 
KunstutstillingDrømmesommer (oktober 2010)

Kunstnaren Kristian Finborud er 45 år og arbeider med metallgrafikk, hovudsakeleg med etsing i sinkplater.
Dette er ein tidkrevjande prosess, då kvart eksemplar må fargesettjast på nytt før trykk på papir. Opplaga overstiger sjeldan 40 eks.

For meir informasjon om kunstnaren og bileta hans, sjå: www.finborud.no

Utstillinga er ei salsutstilling og vil stå til medio oktober. I resepsjonen kan du òg kjøpe flotte bøker med Finborud sine bilete og kommentarar, og du kan kjøpe postkort med motiv i frå samlinga.

 Biletet heiter "Drømmesommer" og er henta frå informasjonsfaldaren si forside

 

kystgeitbileteKystgeita i Selje

I samarbeid med Norsk Landbruksmuseum har Nordfjord Folkemuseum laga utstillinga Kystgeita i Selje. Utstillinga fortel om det spesielle geitehaldet som var vanleg langs kysten før i tida. Det er berre i Selje kommune ein har helde fram med dette geitehaldet til i dag.

Kystgeita er definert som ei eiga geiterase. Den finst berre i Noreg, og den er i ferd med å bli utrydda. Kva framtid har kystgeita som eiga husdyrrase og som driftsform i landbruket?

Konservator Ingrid Berger har skrive artikkel om kystgeita. Den kan du lese her.

 

 

 

 
Vandreutstillinga TingVeske skinn

Ting er ei fotoutstilling laga av Ulf Palm for Nordfjord Folkemuseum. Motiva er gjenstandar frå samlinga til museet. Sjå den digitale forteljinga Ting - Tankar her.

 





Tilbake
Copyright © Nordfjord Folkemuseum