Nordfjord Folkemuseum
Nordfjord Folkemuseum er distriktsmuseum for Nordfjord og ein del av Musea i Sogn og Fjordane. Gloppen kommune er vertskommune og museet er plassert i det vakre friluftsområdet Jølet, nær Sandane sentrum. Museet har 44 antikvariske hus oppsett til no. Mange av husa er innreidde slik dei var da dei vart nytta på 1700- og 1800-talet. Museet tek vare på gamle hus, gjenstandar og anna kulturhistorisk materiale frå dei yste kystbygdene til dei inste jordbruksbygdene. Museet har i tillegg tematisk ansvar knytt til vasskraft i Sogn og Fjordane.

Ved fjorden like utanfor Sandane sentrum, har museet utstilt den meir enn 100 år gamle Holvikejekta. Det 60 fots lange fartøyet er det siste av dei tradisjonelle fraktejektene som trafikkerte kysten og fjordane tilbake på 1800-talet.
I hovudbygningen er det fast kulturhistorisk utstilling, skiftande utstillingar, kafé og møterom. Her er kontorlokale for Nordfjord Folkemuseum og administrasjon for Musea i Sogn og Fjordane.
Historikk
|
|
Bilete av museet då det vart plassert på i Åsen i Sandane. (Eigar: Jon Rasmus Langeset Vik. Henta frå Fylkesarkivet.)
|
Nordfjord Sogelag er grunnleggjar og eigar av Nordfjord Folkemuseum. Museet vart starta i 1920, i Åsen attmed Sandane.
Etter kvart som samlingane voks og trongen for plass vart større, vart museet flytt til området Jølet nær Sandane sentrum i 1960. Dette var eit friområde opphavleg utan bygningar, der museet har freista å skape eit gards- og utmarksmiljø slik det kunne sjå ut i Nordfjord fram til siste hundreårsskiftet. I dag er det oppsett 44 hus i området.
I 1995 vart det opna eit nytt eldfast bygg til ca. 20. mill. kr. med eit brutto areal på kring 1800 kvm. Dette huset er administrasjonsbygg for museet. Her er det brannsikre magasin, kafé, utstillingshall, møterom og sal for skiftande utstillingar. Museet eig Holvikejekta frå 1881. Jekta ligg ved Gloppefjorden ca. 2 km frå museet.
Ansvarsområde
.JPG/$file/Stampa (1).JPG) |
| Foto: Hans-Olav Landsvik |
Nordfjord Folkemuseum er eit kulturhistorisk museum og regionmuseum for nordfjordkommunane Gloppen, Stryn, Hornindal og Eid. I kystkommunane Bremanger, Selje og Vågsøy har Kystmuseet i Sogn og Fjordane ansvar for det spesifikt sjøvende, medan andre oppgåver er lagt til Nordfjord Folkemuseum.
Etter Museumsplan for Sogn og Fjordane skal Nordfjord Folkemuseum ha eit særleg ansvar for å vise korleis vatnet har blitt brukt som kraftkjelde gjennom tidene til m.a. sagbruk, kvernhus, slipesteinar og elektrisk produksjon, og å vise korleis el-kraft har prega folk sitt kvardagsliv.