"Musikalsk tapas", søndag 5. februar
 |
| Rygg Songlag |
Rygg Songlag med dirigent Hanne Grete Heen
Ta søndagskaffien på Nordfjord Folkemuseum, og få med utstillinga "Brest i Bringa" av Hans Sande!
Kafé og utstilling frå kl. 17
Konsert kl. 18
Billett: kr. 100,-
Velkomne!
Gloppen Litteraturfest, 20. og 21. januar
 |
| Unni Løvlid skal vere syngjande vertinne. |
Til bords med litteraturen: mat og litteratur i ein appetittleg meny
Fredag 20. januar ynskjer Gloppen Litteraturfest velkomen til ein appetittleg kveld på hotellet, der lokale råvarer vil bli kokt i hop med tekstar av lokale forfattarar, i opplesing og song. Unni Løvlid skal vere syngjande vertinne og gje oss sine tolkingar av tekstar frå ulike forfattarar; nokre lokale, andre noko meir vidreiste.
Kl. 19.00 på Gloppen Hotell
Pris: 475,- med vinpakke: 700,-
Påmelding innan 18. januar:
Gloppen Hotell: 57 86 53 33 | post@gloppenhotell.no
 |
| Bjarte Sindre har fått gode meldingar for bokserien "Odins smykke". |
Segn og Soge - historie og litteraturseminar
Laurdag 21. januar er det seminar på Nordfjord Folkemuseum.
Historie og litteraturseminar - Historiske romanar - Segner frå Sogn og Fjordane - Barne- og ungdomsbøker
Med Bjarte Sindre, Ove Eide og Janne Karin Støylen.
Kl. 10.00 - 15.00 på Nordfjord Folkemuseum
Pris: 200,- inkl. lunsj
Påmelding:
Nordfjord Folkemuseum: 57 88 45 40 | nfm@misf.museum.no
Sjå plakat for Gloppen Litteraturfest her.
Tovekurs for nybegynnarar, 26. jan. 2012
 |
Saueflokk i ull, laga med filtnål og ull rett frå sauen.
|
Lyst til å lære å tove? På dette kurset vil du få ei innføring i ull som materiale og toving som teknikk. Det blir litt teori og masse aktivitet! Du kan få tove eit sitteunderlag, ullsålar eller ein sminkepung! I pausa vert det servert kaffi med noko attåt. Om det blir tid prøver vi oss også på nålefilting. Kom på kurs og bli inspirert!
Kursleiar: Lisanne de Blécourt
Tid: kl. 18.00 - 20.30
Kursavgift: 250,- inkl. alt
Påmelding:
Tlf: 57 88 45 54
epost: lisanne@misf.no
Medan vi ventar...
Mange skuleklasser har dei siste tre vekene vore med på å lage førjulsstemning på museet. Dei har baka julekaker, laga julepynt slik dei hadde i gamle dagar og lært om juletradisjonar. Nokon har også gått med graut til nissen, som held til i Frislidlada so vidt vi veit..
Les om 3. klasse ved Sandane skule i artikkel frå Firda Tidend her.
 |
|
.png/$file/Nytt bilde (7).png)
|
|

|
|
|
| Juletrepynt |
|
Julestemning i Fargeriet |
|
Juleveden stabla opp under vindauget |
|
Ei ny og ei gamal lykt |
Møt kunstnaren og forfattaren Hans Sande, laurdag 3. des. kl. 12.
Nordfjord Folkemuseum viser for tida kunstutstillinga "Brest i Bringa" av Hans Sande. På laurdag har du sjansen til å møte kunstnaren sjølv. Sande kjem for å fortelje om utstillinga, og han skal også presentere den nye boka si; "Pappa er sjørøvar".
Elevar frå klasse 4B ved Sandane Skule stiller ut skåp og teikningar dei laga når dei var med på eit formidlingsopplegg kring utstillinga.
Museet er ope frå kl. 11 - 14. Enkel servering.
Arrangementet er gratis.
 |
| "Ønskeskåp" av Hans Sande |
Kunstutstilling "Brest i Bringa" av Hans Sande
Denne hausten viser museet utstillinga "Brest i Bringa" av Hans Sande. Utstillinga viser ei rekke bringer i ulike former og materiale. Nokre er forma som overkroppen medan andre kan opnast og minner meir om skåp eller altertavler.
Er du eit skåp min ven? Er du låst eller open? Kva gøymer du inni deg? Er bringa di eit skåp, som du sjølv kan opne og lukke? Eit løynderom som dine nærmaste kan opne og lukke? Vil du fortelje meg kor nøkjelen er?
Hans Sande (Fødd i Bergen 1946) er ein forfattar og biletkunstnar med bakgrunn i helsevesenet med psykiatri som spesialfelt. Han har skrevet ei rekke romanar og diktsamlingar, også for barn og ungdom. Som biletkunstnar har han illustrert barnebøker i tillegg til å drive med maleri og skulptur.
Vi ønskjer alle velkomne til å komme og sjå på kunstutstillinga, du vil heilt sikkert komme til å undre deg!
For skuleklasser har vi eit formidlingstilbod i tilknytning til utstillinga, for meir informasjon klikk her.
Utstillinga står til 31.01.12
Kulturnatt 11.11.11
"Heve du høyrt slik ein underleg låt..."
 |
| "Heve du høyrt slik ein underleg låt.." Ein film med Harald Kvandal. |
 |
På fredag er det
Kulturnatt i Nordfjord, og museet vil by på ulike kulturtilbod denne kvelden. Vi er særleg stolte av å kunne presentere felemakarfilmen "
Heve du høyrt slik ein underleg låt..." med Harald Kvandal om hardingfelebygging. Det blir filmpremiere i Trivselshagen, og etterpå blir det dans til musikk av ulike spelemannslag på museet. Det blir sjølvsagt høve å få kjøpt filmen, og det blir sal av suppe og kaffi med noko attåt under dansen.
Tidlegare på kvelden innviterar Barnas Turlag mfl til lommelykttur i Jølet. Det blir morosame, vakre og skumle opplevingar, og forteljing i Frislidlada ved Hanne B. Oftedal.
Program:
Kl. 17.30: Lommelykttur i Jølet
Kl. 19.00: Filmpremière i Trivselshaden
Kl. 20.30 - 01.00: Spelemannslaga byr opp til dans
Vi ønskjer alle velkommen til ein triveleg kulturnatt!
Arrangentet er gratis.
Plantefargingskurs søndag 18. sept.
I helga som var var det plantefargingskurs på Fargeriet. Kurset var eit samarbeid mellom Nordfjord Folkemuseum og Gloppen Bygdekvinnelag. Kurslærar var Lisanne de Blécourt.
Seks blide damer fyrte opp under fargegryter både utafor og inne i Fargeriet, og det blei trylla fram vakre, dyse plantefargar. Nedafor kan du sjå nokre bilete av dagen, som var prega av gode dufter, godt humør og begeistring! Takk for laget til dei som var der!
Gloppen Musikkfest på museet fredag 2. sept
Gloppen musikkfest har tre arrangement på museet i år. Vi gleder oss til nydeleg musikk og god stemning, og ønskjer både musikarar og publikum velkomne!
Lunsjkonsert kl. 12: Distriktsmusikarane med vener inviterer til stemningsfull lunsjkonsert. Gratis. Ope kafé
Vin og musikk kl 20: Festivalens strykesekstett spelar to praktfulle sekstettar av Brahms og Strauss. Berit Norbakken Solset syng Arianna a Naxos av Haydn. I pausen får vi kjøpt oss noko å drikke. Billett 150,-
Late night at the museum kl 22: Musikalske krumspring med multiinstrumentalvirtuosen Stian Carstensen. Noregs mest morosame musikant!. Kom, lytt, sjå og le! Billett 150,-
Heile kvelden: 400,-
Nordfjord folkemuseum på Sandanedagane, 19. og 20. august
 |
| Ullkuler |
Nordfjord folkemuseum hadde stand på Sandanedagane på fredag og laurdag. Mange både store og små var innom og prøvde seg anten på tippekonkurransen eller toving av eit smykke.
 |
| Gunnar O. Tystad med slyngrestokkane |
Toving: Formidlingsleiar Lisanne de Blécourt hadde med seg vaskebrett og ull i mange fargar, og viste korleis ein kan tove tøflar. Dei yngre blant publikum fekk også prøve seg på å tove seg eit smykke av fargerikt ull og varmt grønsåpevatn. Dette var riktig populært!
Tippekonkuransen "kva er dette?": Konservator Ingrid Berger hadde henta fram fleire spennande, rare eller mystiske bruksgjenstand frå magasinet, som i si tid visst nok var heilt vanlege! Mange prøvde seg på å tippe kva gjenstandane vart
brukt til, og det kom inn mange gode (dog nokre spenstige) forslag. Dei rette
svara og vinnarane på konkurransen kan du lese her.
Me takkar alle som besøkte oss på standen for besøket!
Aktivitetssøndag 7. august
Plantefarging
 |
| Gryte med garn og fargeplantar. |
Denne søndagen viste formidlingsleiar Lisanne de Blécourt korleis ein kan farge garn med lyng, lauv og bark. Ved Fargeriet vart det fyrt opp både i omnen og i grua, og det vart kokt fargesupper og farga garn. Korleis det gjekk kan du lese i ein reportasje frå Firda Tidend.
Fargeriet stod på Fargartunet attmed Fargarelva i over 100 år før det vart flytta til museet i 1986. Fargarelva er namnet på nedste delen av same elva som går gjennom Jølet. I dag står Domus der Fargeriet stod før. Fargeriet er eit hus med historie som absolutt er verdt eit besøk!
Er du interessert i å lære plantefarging? Ta da kontakt med museet, for vi planlegger fleire plantefargingsaktivitet!
Stor stemning på Bluegrass-konsert i Frislidlada!
.JPG/$file/Nothin' Fancy (19).JPG) |
| Nothin' Fancy |
Torsdag 14. juli opna Norsk Country Treff med bluegrasskonsert i Frislidlada.
Gruppene Nothin' Fancy frå Virginia i USA og Blue Grass Boogiemen frå Nederland laga topp stemning i Frislidlada for ca 250 frammøtte. Dei tok oss tilbake til røtene til countrymusikken. Bluegrassmusikken oppstod på 1940-tallet, og vart utelukkande framført på strenginstrument som fele, gitar, banjo, mandolin, kontrabass og dobro.
Gruppene er rekna for å vere blant dei framste i kvar sine deler av verda, og overalt der dei kjem fengar dei publikum med deira intense, profesjonelle og musikalske virtuositet og smittande entusiasme.
Sjå meir omtale for Norsk Country Treff her.
Kunstutstilling - Alv Nyland (avslutta)
 |
Dette biletet heter Jente på veranda. Olje på plate 73*60. Truleg måla ein gong i 60-åra. Dette var eit av bileta Alv ikkje ville selje. Han kunne ikkje skilje seg frå det, sa han.
- Henta frå artikkel i Firda Tidend 2.mai -
|
Dette året er det 100 år sidan kunstnaren Alv Nyland frå Breim var fødd. Han budde her i bygda og levde heile livet av kunsten sin. I samband med dette er det sett opp ei minneutstilling her på museet. Det er John Oddvar kandal som har teke initiativ til å få minnemarkeringa på beina, og han var konferansier og underhaldt med musikk under utstillingsopninga fredag 10. juni. I tillegg heldt bl.a. Fritjof Urdal eit foredrag om Nyland.
Gloppen kunstlag er ansvarleg for utval av bilete og for utstillinga av dei. Det er stilt ut om lag 50 store måleri. I tillegg er det bilete til sals - både måleri, trykk og teikningar.
I høve markeringa, er det og gjeve ut eit minneskriv om Alv Nyland som er til sals. Dette er eit hefte med fargerike sider om eit fargerikt liv, med nesten hundre bilete og ei blanding av nyskrive stoff og viktige, velskrivne artiklar om kunstnaren sitt liv. Eit variert, lettlese skriv som er kjekt å ha!
Utstillinga vil stå til midten av september.
Velkommen til utstilling!
Fotoutstilling på museet
(avslutta)
"Gripen av havfolket"
- fotografi av Robert A. Robertson (1927-1996)
I 1952 reiste Robinson på sommarferie til Noreg. Opphaldet skulle vare i to månader, men han vart i Noreg i 13 år.
Dei første åtte åra budde han i Bergen, og han reiste mykje rundt i Sunnfjord og Sogn og skildra med kamera etterkrigstidas menneske og miljø i det kvardagslege. Dette gjorde han med stor varme og humoristisk sans, men samstundes med undring og respekt for folka som budde i dette framande landet.
I 1995 gav kollegaen og venen Dan Young ut boka Captured om Robinson og fotografia hans. Same år skipa Hennie Onstad kunstsenter på Høvikodden ei stor utstilling av verka hans. I tillegg laga Dan Young ein halvtimes film om Robinson, som blei vist på NRK.
Dette var ei salsutstilling med 52 flotte bilder som vart laga i høve byjubileet i Florø sist sommar.
Utstillinga opna onsdag 23. februar og kunne vitjast ut april. Ingrid Norum, konservator på Kunstmuseet i SF, heldt eit interessant og lærerikt foredrag om Robinson i samband med opninga.
Kva STOLAR du på?
(mars 2011)
Sit du på baken mange timar kvar dag? Har du nokon gong tenkt over kva du faktisk sit på?
I mars månad kunne du sjå ei artig utstilling av norske designstolar fra 1950-talet fram til i dag. Det var høve til å prøve stolane og gjere seg opp ei meining om både design, komfort og bruksområde.
Dette er ei vandreutstilling i samband med Den Kulturelle Skulesekken frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune, og den er no ute på skuleturne i fylket.
Bjørnen har reist vidare!
No har bjørnen teke turen vidare til Florø og Kystmuseet. Vi takkar bjørnen for besøket i denne omgång!
Det har vore månge skuleklassar og barnehagar på besøk i desember og januar.
I romjula hadde vi ekstraope, og det var hyggeleg at så månge tok turen innom museet!
Vi er veldig nøgde med bjørneutstillinga og håpar alle som var innom fekk ei god oppleving!
Utstillinga opna 12. november i samband med Kulturnatt i Nordfjord og sto ut januar 2011. No står altså Kystmuseet i Florø for tur.
Sjå meir om bjørnen under Utstilling i menyen til venstre. Foto: NFM
Triveleg epledag søndag 17. oktober (2010)
I samband med matfestivalen Matamål 14. - 17. oktober, inviterte vi på Nordfjord Folkemuseum til Epledag sist søndag. Det kom over 60 besøkande. Her fekk vi m.a. høyre eplehistorier frå Nordfjord av Jostein Aske og fekk ein fin omvisning i eplehagen i Jølet ved Kent Arvid Flølo. I hovedbygget hadde vi ei epleutstilling med smaksprøver av ulike eple, og kafé med sal av kaffi, eplekake og vaffel med eplemos!
|

|

|
|
Foto: NFM
|
|
Nordfjordbåt (avslutta)
Rogalendingen Bjørn Ådne Kvalvik (34) vil lære seg korleis den tradisjonsrike Nordfjordbåten skal byggjast!
I Frislidlada på Nordfjord Folkemuseum har Bjørn Ådne Kvalvik vore i arbeid med å byggje ein færing! Han har sett seg som mål å lære kunsten å byggje båt slik den vart bygd i tidlegare generasjonar. Det er kun eit fåtal båtbyggjarar att i Gloppen og Kvalvik ynskjer å vidareføre denne flotte tradisjonen.
I samarbeid med museet har Kvalvik tatt i mot skulebesøk i verkstaden. I tillegg har han hatt ope for publikum. Fleire har tatt turen innom for å sjå båtbyggjaren i arbeid og høyre om korleis han har tilegna seg kunnskapen!
Siste: Båten er ferdig og sjøsatt!
Sjå meir på Bjørn Ådne sin blogg her: http://nordfjordbaat.wordpress.com/
Ring 992 45 939 for eventuelle spørsmål til båtbyggjaren.