Julemarknad 3. desember

3. desember mellom 12 og 15 vil vi skape julestemning på Nordfjord Folkemuseum. Kanskje får du du gjort unna julegåveinnkjøpa eller sikra litt av julegodtet som skal i hus?

Om førebuingane er klare når dagen kjem, kan du nyte julestemninga og ta del i førjulskosen. Vi byr i tillegg til sals- og utstillingsboder på: 

  • konsert med hardingfelespelar Britt Pernille Frøholm
  • hest og sledekøyring 
  • lysstøyping
  • ølbrygging
  • og mykje anna!

Dersom du ynskjer å stille ut eller selje varer denne dagen, så kan du kontakte oss. Søknadsfristen er 13. november. Du kan søkje ved å gå inn på dette skjemaet: https://goo.gl/forms/jG68JisTTw2H5SqD3