Meld deg på lefsedagen

Lær deg å bake lefser frå Nordfjord.

Lær deg å bake fiske- og kakelefser. Vi har plass til 12 deltakarar. Lefsedagen og blir halde på Nordfjord Folkemuseum i samarbeid med Breim Bygdekvinnelag. Som deltakar får du med deg nokre smakebitar heim! For å melde deg på, send ein epost til nfm@misf.museum.no. Påmeldingsfristen er 6. november. 

Pris for deltaking: 400 for medlemmar av bygdekvinnelag, 500 kroner for ikkje-medlemmar. 

Deltakarane må ta med seg forklede og gjerne ruta-kjevle og bakstepinne, om de har!

Mellom klokka 20 og 21 er det høve for andre å stikke innom for å lukte, og kanskje få ein ørliten smakebit av baksten.