Bli med på julemarknad 3. desember

Under årets julemarknad blir det mellom anna høve til å handle lokalprodusert mat, foto og ulike heimelaga og kortreiste handverksprodukt. Kanskje får du gjort unna julegåveinnkjøpa eller sikra litt av julegodtet som skal i hus? Om førebuingane er klare når dagen kjem kan du nyte julestemninga på museet. Marknaden er open frå klokka 12 til 15. 

I tillegg til sals- og utstillingsboder i Frislidlada og nokre andre hus på området, blir det konsert med hardingfelespelar Britt Pernille Frøholm, klokka 13. Små og store får også høve til å sitje på med hest og kjerre. I kafeen sel vi rømmegraut og sveler. Det blir ølbrygging og julekortskriving og ein kan også støype lys eller prøve å lage tradisjonell julepynt. 

Vi håpar du tek turen!