Skaff deg fagleg påfyll

Store og små har glede og nytte av å sjå kva vasskrafta betydde før og no.

Vi tilbyr mellom anna omvising på Holvikejekta, i friluftsmuseet med fokus på byggeskikk eller korleis det var å bu i Nordfjord for 250 og 50 år sidan. Vi tilbyr også opplegg knytt til vasskraft og kjelder. Klikk på lenken for ei fullstendig oversikt over tilboda.

Dersom du ikkje finn det du er interessert i, kan vi prøve å skreddarsy. Tilboda er i stor grad retta mot elevar i grunnskule og vidaregåande, men opplegga kan også tilpassast barnehage og andre. Både store og små treng fagleg påfyll, så kvifor ikkje kontakte oss om du eller verksemda di planlegg eit utflukt og vil ha noko litt utanom det vanlege? 

Kontakt formidlar Eva Marie Felde om du har spørsmål om opplegga: eva.marie.felde@misf.museum.no