NYHENDE

Endeleg kan vi vise fram kva vi har jobba med det siste året! Torsdag 2.desember kl. 19.00 vil vi ynskje alle velkomne til boklansering på museet.

Det vil vere mulig å få kjøpe boka denne kvelden, julebutikken vil halde ope, og vi lovar god stemning! Museumsleiar og redaktør Anne Kristin Moe og Ove Eide fortel om historia til museet, det vert musikalsk innslag og enkel servering.

Torsdag 25. november er det bladslepp av Jul i Nordfjord på Nordfjord Folkemuseum!

 

Denne dagen vil museet opne for sal av tidsskriftet, gje publikum føredrag frå eit utval av forfattarane, opne årets juleutstilling òg opne årets julebutikk med sal av tradisjonell julepynt. Det blir òg open kafé og moglegheit for å sjå utstillinga Fritid på torsdag, museet håpar å sjå så mange som mogleg denne dagen.

 

 

I år kan vi endeleg ynskje velkommen til jul på Nordfjord Folkemuseum!

 

 

Velkomen til haustferie på Nordfjord Folkemuseum!

Vi inviterar til aktivitetar tysdag 12.oktober til fredag 15.oktober.

Program for veka:
- Eventyrstund i Moritsstova kl. 12:00
- Omvisning i friluftsmuseet kl .13:00
- "Kampen om den gyldne potet" kl. 14:30

Friluftsmuseet er ope heile dagen, med ulike aktivitetar rundt omkring på området som ein kan gjere gjennom dagen, som passar for både store og små .

 

Velkomen til føredrag om ølbrygging ved haustens fyrste museumssøndag, 3. oktober!

Vi har gleda av å ta imot ølhistorikar Lars Marius Garshol som skal fortelje om den unike bryggetradisjonen i Nordfjord.

 

Nordfjord har i likheit med resten av Noreg hatt ein veldig sterk tradisjon for brygging på gardane som går langt attende.
Det spesielle med Nordfjord er at både bryggetradisjonane og ølgjæren som har blitt brukt, har overlevd heilt fram til i dag.