NYHENDE

Godt nyttår!

Fram til 1.februar held museet stengt for besøkande, dette er for at vi skal ha ekstra tid til å planlegge og vidareutvikle aktivitetar og arbeid framover. De er velkomne til å gå rundt ute i friluftsmuseet og er det noko særskilt du ynskjer å besøke kan vi lage ei avtale rundt dette. Lure du på noko er det berre å ta kontakt med oss på telefon eller e-post.

 

Veke 51 er museet ope for publikum måndag 20.desember til og med onsdag 22.desember kl. 11.00-17.00. 

Frå 23.desember og ut året er museet stengt for publikum. Er det noko kan ein sende e-post til nfm@misf.no, så svarar vi ila. romjula. 

 

Vi vil ynskje alle ei god jul og godt nyttår, so sjåast vi i 2022!

Julehelsing frå alle oss på Nordfjord Folkemuseum. 

Endeleg kan vi vise fram kva vi har jobba med det siste året! Torsdag 2.desember kl. 19.00 vil vi ynskje alle velkomne til boklansering på museet.

Det vil vere mulig å få kjøpe boka denne kvelden, julebutikken vil halde ope, og vi lovar god stemning! Museumsleiar og redaktør Anne Kristin Moe og Ove Eide fortel om historia til museet, det vert musikalsk innslag og enkel servering.

Torsdag 25. november er det bladslepp av Jul i Nordfjord på Nordfjord Folkemuseum!

 

Denne dagen vil museet opne for sal av tidsskriftet, gje publikum føredrag frå eit utval av forfattarane, opne årets juleutstilling òg opne årets julebutikk med sal av tradisjonell julepynt. Det blir òg open kafé og moglegheit for å sjå utstillinga Fritid på torsdag, museet håpar å sjå så mange som mogleg denne dagen.

 

 

I år kan vi endeleg ynskje velkommen til jul på Nordfjord Folkemuseum!

Vi tilbyr aktivitetar for store og små, julefortellingar og omvisning inne i våre julepynta hus.

 

Program:
- Julefortellingar kl. 11.30
- Lysstøyping frå kl. 12.00-14.00
- Omvisning i julepynta hus kl. 14.15
- Aktivitetsstasjon og kafé open heile dagen.