Museet opnar 4. mars

Tunet på Nordfjord Folkemuseum

Vi kan endeleg opne museet igjen. Våre opningstider fram til 20. juni blir tysdag til fredag: 11-17. 

På grunn av omsyn til smittevern og regelverk vil vi ikkje ha eigne arrangement med det første. Vi håpar å kunne markere utstillinga om fritid, som skal stå ut 2021, og setje opp andre spanande aktivitetar ut over året.