Holvikejekta i Museumsmeldinga

Holvikejekta frå 1881.

26. mars la kulturminister Abid Raja, frå Venstre, fram Stortingsmelding om museum: Musea i samfunnet - tillit, ting og tid. Meldinga tek føre seg utviklinga til musea som samfunnsinstitusjonar. Samstundes peikar den på vegen vidare for museumssektoren, og den forslag om tiltak og vidare prioritering for ønske utvikling.

I denne samanheng er Holvikejekta trekt fram som eit av seks prioriterte prosjekt som løftar kystkulturen. I meldinga står det (...):
"Holvikejekta er ei autentisk klinkbygd jekt som vart sett på land alt i 1906 og som seinare har lege under eit enkelt tak på Sandane i Gloppen kommune, der ho vart bygd i 1881. Musea i Sogn og Fjordane har fremja søknad om midlar til å føra opp eit verne- og formidlingsbygg for denne skuta. Dette handlar om å skapa ein arena som dokumenterer og formidlar handel og fraktefart langs kysten av Vestlandet fram til førre hundreårsskiftet då motoriserte fartøy tok over".

For å lese meir om bakgrunnen for prioriteringa og resten av meldinga som vil vere viktig for museumslandskapet i framtida kan du trykkje her.