Boklansering 2.desember - Nordfjord Folkemuseum i hundre år

Endeleg kan vi vise fram kva vi har jobba med det siste året! Torsdag 2.desember kl. 19.00 vil vi ynskje alle velkomne til boklansering på museet.

Det vil vere mulig å få kjøpe boka denne kvelden, julebutikken vil halde ope, og vi lovar god stemning! Museumsleiar og redaktør Anne Kristin Moe og Ove Eide fortel om historia til museet, det vert musikalsk innslag og enkel servering.

I 2020 var det hundre år sidan Nordfjord Folkemuseum opna for publikum. I boka er det samla artiklar om mange av dei historiske bygningane på museet saman med nyskrivne artiklar om historia vår og sentrale personar som har prega den.

Boka er gitt ut hjå Museumsforlaget, og vi er veldig takknemmlige for godt samarbeid. Vi vil også takke alle som har vore involvert i prosessen! Vi gledar oss til lansering, og håpar alle vil bli med på feiringa! 

Boka kostar kr. 399,- men denne kvelden kan du få den til den nette sum av kr. 350,-

Gratis inngong denne kvelden. Vi sjåast!