Samla fagmiljø støttar vernebygg for Holvikejekta

Holvikejekta frå 1881.

1.mars søkte Musea i Sogn og Fjordane om å få prosjektet med vernebygg for Holvikejekta inn i ordninga om nasjonale kulturbygg. Vi søkjer Kulturdepartementet om 10 millionar kroner og Sogn og Fjordane fylkeskommune 10 millionar kroner. Gloppen kommune har sett av 10 millionar kroner til prosjektet i sin økonomiplan. Som grunnlagsmateriale til søknaden er det også lagt ved faglege tilrådingar frå fleire maritime miljø. Du kan lese støttebreva her. 

Norsk forening for fartøyvern

Forbundet Kysten

Gunnar Eldjarn, båtbyggar Universitetet i Tromsø

Jektefartsmuseet - Nordlandsmuseet