
Holvikejekta vart bygd i 1881 og er den største bevarte klinkbygde jekta i landet og er unik i verda. Den er den siste av dei store opne fraktefartøya, jektene, som i over 400 år frakta fisk og ved til Bergen og urbane impulsar attende til norske bygder.
Musea i Sogn og Fjordane søkjer no om støtte for å kunne realisere eit vernebygg for Holvikejekta. Du kan lese heile prospektet her.
- Log in to post comments