VERNEBYGG FOR HOLVIKEJEKTA

Bygg til Holvikejekta.

SJÅ PROSPEKTET FOR BYGGET TIL HOLVIKEJEKTA HER

Vernebygg for Holvikejekta

Etter over 100 år på land treng Holvikejekta eit bygg som vernar ho mot sterk sol og temperaturforskjellar, og som hindrar forvitring, utsiging, skadedyr og rote. Samstundes ynskjer vi å gje besøkande ei betre oppleving av denne «sjøens stavkyrkje».

Holvikejekta, som vart bygd i 1881 i Krånafjøra på Sandane, er den einaste opphavelege klinkbygde jekta som er bevart i Noreg. Ei jekt er ei brei seglskute som har ei mast med råsegl og er utan fast dekk. Den har høg stamn og tverr akterende, ofte med eitt rom med glas.

I fleire hundre år var jektene fartøyet som frakta varer mellom bygdene og Bergen, men kring 1900 vart jektene utkonkurrerte av skip med motor. Jektene vart ombygde eller destruerte.

Redda av sogelag og kommune
I Gloppen var ein så heldige at det nystifta Nordfjord Sogelag kjøpte jekta i 1909 for å ta vare på den for framtida. Sogelaget jobba for å etablere eit museum, og jekta vart den første gjenstanden.

Tomta jektenaustet stod på vart i 1910 ble skilt ut frå garden Austrheim, slik at Gloppen kommune kunne kjøpe tomta. «Desse tvo jordstykki vil heradsstyret yverlata til museet med gaavebrev til fullt raadvelde», kan ein lese i museumsprotokollen.

Arbeidet med å få på plass eit verne- og formidlingsbygg har pågått lenge. Det var utarbeidd eit forprosjekt i 2013, og Gloppen kommune søkte Kulturdepartementet på posten Nasjonalt kulturbygg i 2016 og 2017. Her var budsjettet 55 mill. kr, med ein eigenandel frå Gloppen kommune på 14 mill.kr.

Museet
Frå 2018 tok Musea i Sogn og Fjordane over prosjektet, i dialog med kommunen og Kulturrådet. Det nye prosjektet er budsjettert til 32 mill. kr, og det er lagt opp til ei tredelt finansiering mellom stat, fylke og kommune.

Musea i Sogn og Fjordane har sidan 2018 søkt Kulturdepartementet 10 millionar kroner og Fylkeskommunen om 10 millionar kroner. Gloppen kommune har eit eige skriv vedlagt søknadane der det står «Som vertskommune for Holvikejekta vil kommunen vere positiv til å delta i eit spleiselag for å få realisert bevarings- og formidlingsbygget, og i gjeldande økonomiplan er det førebels sett av 10 mill. kr. til prosjektet». Her var det også stadfesta at «arealet rundt jekta er sikra med tanke på å innlemme området i ei museal tenking».

For kvart år har museet lagt ned arbeid for å ytterlegare konkretisere prosjektet gjennom tilstands- og tiltaksrapport, prospekt og byggteknisk rapport. I Kulturrådet si vurdering av prosjektet for 2021-budsjettet, skriv dei mellom anna at «Ut fra en samlet vurdering er Kulturrådet positive til planen for et nytt verne- og formidlingsbygg for Holvikejekta ved Musea i Sogn og Fjordane, og anser søknaden som ytterligere styrket og med god økonomisk forankring.»

Heile prospektet kan du sjå her.

Skisseprosjektet, som er utarbeidd av Norconsult, kan du sjå her. 

Fleire fagmiljø har sendt oss støtteskriv. Dei kan du sjå her