TEMPORÆR UTSTILLING


Båten som vart brukt til å skysse presten Claus Frimann rundt om for kring 200 år sidan er ein av seks nordfjordbåtar som publikum kan få oppleve i museet si nye utstilling "Nordfjordbåten".

Både karakteristikk, historikk, byggemåte og endring blir belyst i utstillinga. Den vier også plass til båtbyggjarane og verktyet dei brukte for å levere båtar av høg kvalitet langs store delar av vestlandskysten. Her er også Bernhard Færøyvik sine dokumentasjonsteikningar av nordfjordbåtar, samt fotografi og gjenstandar som syner kva båtane har vore brukte til. 

Frøyset-lada i Friluftsmuseet er ein del av utstillinga, der tre av båtane er stilt ut.