Vi kastar ut jula

Mange har nok julekaker på lur framleis. Ta dei med deg og vi spanderer kaffien!

Slit du framleis med restar av julekaker eller er usikker på om delar av juletreet kunne blitt brukt til noko? Fortvil ikkje – for 14. januar kan du ta med dine julerestar og toppen av juletreet til oss.

- 20. dag jul skal jula ut for godt. Tradisjonen tilsa at juleølet, julekaker og andre restar frå høgtida skulle etast og drikkast opp, og julepynten kastast ut. Då var det vekk med lefsene og fram att med flatbrødet, fortel Anne Kristin Moe, avdelingsdirektør ved Nordfjord Folkemuseum.

For å markere at jula er over inviterer vi til etterjulsarrangement der vi fortel om skikken med å kaste jula ut. Om folk har eigne slutt-på-jula-skikkar, må dei gjerne dele det.

- Folk må gjerne ta med seg julekakerestane om dei vil, vi spanderer kaffien, seier Moe.

Arrangementet startar klokka 13 og held på fram til klokka 15. 

Skal lage tvare

Ein annan gamal tradisjon var å lage tvare av juletretoppen. Tvare er ein gamal kjøkenreiskap, nær sagt ein visp som ein brukte til å røre i grytene med. Det var viktig å ha ein god og solid tvare, og det var karane si oppgåve å finne gode tvare-emne.

- Juletretoppen var heilt prefekt å bruke. Og når ein såg etter juletre, så kunne ein passe på at treet også hadde eit godt emne til å lage tvare av. Var ein heldig kunne ein lage to tvarer av eit juletre, seier Moe.

Ho og kollegaene ber difor dei som vil om å ta med seg toppen av juletreet for å lage tvare på museet denne dagen. Både gran og furu kan nyttast, og ideelt sett bør det vere minst fire greiner som kan bli tindar på vispen, men Moe oppmodar folk om å ta med det dei har uansett korleis det ser ut.

Inngang: 70 kroner for vaksne og 40 for born.