Gåver til museet

Denne mobiltelefonen frå slutten av åttitalet er ei av fleire gåver museet har motteke.

Nordfjord Folkemuseum får ofte spørsmål om vi vil ta i mot ulike gjenstandar. Det set vi stor pris på og vi er veldig glade for at folk tenkjer på oss og at noko kan vere interessant for samlingane våre. Samstundes er det slik at nokre gjenstandar har vi allereie fleire av på magasina våre og andre er kanskje meir aktuelle for andre museum eller Fylkesarkivet.

For å kunne handsame alle spørsmåla ynskjer vi difor at alle tilbod om gåver skjer skrifteleg med ei kort skildring av gjenstanden(ane) til nfm@misf.no. Eit eller fleire foto av gjenstanden/ane vil også gjere det enklare for oss å vurdere om vi skal ta det i mot eller ikkje.

Vi kan dessverre ikkje ta i mot gjenstandar i resepsjonen eller gjere vurderingar på sparket. Men sit du med noko du tenkjer vi kunne ha interesse, så ta kontakt.